Dette lurer mange på
Når og korleis går utdelinga av spann føre seg?
Utdelinga skjer område for område, og SMS blir sendt ut i puljar etter kvart som vi nærmar oss ditt område.
Kva skjer etter at du har motteke SMS?
Når du har fått ei eiga SMS frå oss om at vi no er komne dit du bur, vil spanna vanlegvis bli levert i løpet av dei tre neste vekene får tilsendt SMS. Spanna blir sette ut på eller nær ditt vanlege tømjestad. Sjekk at adressa på etiketten stemmer, og trekk spannet inn til eigedomen så snart som mogleg.
Kva skjer med dette avfallet?
Frå 2026 vil eit nytt biogassanlegg på Voss ta imot matavfall frå hushald i regionen. Der blir avfallet omgjort til biogass, som kan brukast som drivstoff, og biogjødsel som lokale bønder nyttar på jordene sine. Slik får næringsstoffa i matavfallet nytt liv i eit lokalt og berekraftig krinsløp.
Ved å sortere matavfall reduserer du mengda restavfall og tek vare på verdifulle ressursar – ei enkel handling med stor miljøgevinst!
Etter innsamling blir glas- og metall-emballasjen sendt til Sirkels gjenvinningsanlegg i Fredrikstad. Her blir materiala skilde frå kvarandre og sorterte etter kvalitet. Glaset blir smelta om til ny emballasje, medan metallet blir gjenvunne til nye produkt.
Både glas og metall kan smeltast om uendeleg mange gonger utan å miste kvalitet – ein stor fordel for miljøet og eit viktig bidrag til å redusere behovet for nye råvarer.
Kva med oss som komposterer matavfall heime?
Dersom du allereie komposterer heile året og derfor ikkje kastar matavfall saman med restavfallet, kan du melde frå at du ikkje treng matavfallsspann ved å sende inn dette skjemaet til oss. Meld frå så snart som mogleg.
NB: Spannet kan i enkelte tilfelle bli sett ut sjølv om reservasjonen er sendt inn. Spannet må då oppbevarast lett tilgjengeleg på eigedomen til vi får henta det inn igjen.
Vi kastar nesten ikkje matavfall. Må eg vere med i ordninga?
Kan eg dele spann med naboar?
Fleire hushald i eit nabolag kan gå saman om å dele spann for éin eller fleire avfallstypar. Sidan BIR ikkje kan påleggje kundar å dele spann, og ordninga byggjer på samarbeid, må ho etablerast av naboane sjølve. Då kan éin person ta initiativet, avklare med aktuelle naboar og melde inn ønskje om deling ved å bruke dette skjemaet.
Kva om eg ikkje har plass til fleire spann utanfor?
I vår tid med aukande forbruk av ressursar er det nødvendig å bruke avfallet på nytt fleire gonger.
Sjølv om nokre kan vere uroa for plass eller av andre personlege grunnar ikkje ønskjer fleire spann, er det viktig å merke seg at spanna er knytte til eigedomen – ikkje til den enkelte bebuaren. Vi har forståing for at eit nytt spann krev litt plass, men sidan folk flyttar inn og ut, er det vårt ansvar å sørgje for at alle bustader har nødvendige løysingar for avfallssortering i tråd med nasjonale forskrifter.
Ein måte å spare plass på er å dele spann med naboar. Fleire hushald i eit nabolag kan gå saman om å dele spann for éin eller fleire avfallstypar. Sidan BIR ikkje kan påleggje kundar å dele spann, og ordninga byggjer på samarbeid, må ho etablerast av naboane sjølve. Då kan éin person ta initiativet, avklare med aktuelle naboar og melde inn ønskje om deling ved å bruke dette skjemaet.
Korleis skal eg sortere med dei nye spanna?
Glas- og metallemballasje: I dette spannet skal du kaste tom emballasje av glas og metall, som til dømes syltetøyglas, hermetikkboksar, påleggstubar og aluminiumsformer. Lause, utan pose.
Matavfall: I dette spannet skal du kaste restar etter måltid og matlaging sortert i papirposar, som blir brukt saman med ei kjøkkenkorg du får utdelt oppi spannet.
Les meir om sortering her:
Veiledning til god sortering med de nye spannene - BIR
Blir ikkje spannet for glas- og metallemballasje tungt?
Vekta på spannet vil variere etter innhaldet. Metallemballasje som hermetikkboksar og aluminiumsformer veg lite, medan glassemballasje kan gjere spannet tyngre.
Mange opplever òg at spannet sjeldan blir heilt fullt, og for dei fleste er vekta overkommeleg å trille fram til hentestaden. Dersom du likevel synest spannet blir tungt å handtere, til dømes på grunn av helseutfordringar, kan du levere delar av glaset til eit returpunkt i nærleiken for å redusere vekta.
Kostar det noko ekstra å tømme matavfall og glas- og metallemballasje?
All kjeldesortering er inkludert i grunngebyret. Det er berre restavfall som kostar ekstra. Derfor løner det seg å bruke dei nye sorteringsspanna godt – jo meir som blir sortert riktig, desto mindre restavfall og lågare gebyr.
Blir alle returpunkt for glas- og metallemballasje fjerna no?
Returpunkta kan bli redusert etter kvart som fleire får henteordning heime. Det vil likevel alltid finnast nokon returpunkt for glas- og metallemballasje på sentrale stader, slik at du kan levere ekstra emballasje dersom spannet heime blir fullt.
Kvifor er matavfallsspannet så stort?
Årsaka er at spanna må ha denne høgda og utforminga for at vi skal kunne tømme avfallet over på renovasjonsbilane. Av hygieniske grunnar rår vi alle til å setje ut matavfallsspannet kvar tømmedag, sjølv om det berre er nokre få posar i spannet.
Hvorfor sorteres matavfall i papirpose, og hvor får jeg tak i flere?
Papirposen er den einaste posetypen som er 100 % fornybar og utan risiko for å spreie mikroplast til landbruket. Undersøkingar har vist at mikroplast blir spreidd i gjødsel til landbruket, både frå vanleg plast og bioplast.
Papirposane er av same type som i mange år har vore brukte i store delar av Sverige. Dei er spesiallaga for matavfall og toler ein god del fukt. Det er likevel nokre ting å hugse på når du brukar posen.
Les her om kosrleis du brukar papirposen riktig.
Når du treng fleire posar, kan du hente dei i dei fleste daglegvarebutikkar og i miljøparken.
Kan sameige med enkeltspann få fellesløysing for dei nye avfallstypane?
Dersom fleire enkeltspann ikkje er ei optimal løysing på grunn av plassmangel eller andre forhold, kan styret ta kontakt med BIR for å vurdere moglegheita for ei fellesløysing.
Vi gjer merksam på at spann som oftast blir delte ut til kvar enkelt hushald før ei eventuell fellesløysing er på plass. Når fellesløysinga blir etablert, hentar BIR inn dei overskytande spanna.
Kva med oss som deler restavfallsbehaldar?
Bur du i eit bygg med fleire bueiningar der de deler løysing for restavfall, blir talet på spann vi deler ut tilpassa kor mange hushald som er registrerte der.
-
1–2 bueiningar får 1 spann for matavfall og 1 spann for glas- og metallemballasje
-
3–4 bueiningar får 1 spann for matavfall og 2 spann for glas- og metallemballasje
Papirposar og kjøkkenkorger blir lagt i spannet i nok mengd til kvar husstand. Dette gjeld òg eigedomar med utleigeeining.
Kvifor skjer denne endringa no?
Den nye avfallsforskrifta § 10a-5 pålegg kommunane å sørgje for henteordningar ved bustaden. Tidlegare har matavfall vore frivillig og glas- og metallemballasje stort sett blitt levert til returpunkt. No blir henteordning standard for dei fleste hushald.
Kva med oss i burettslag?
BIR samarbeider direkte med burettslag for å finne gode løysingar for plassering og felles bruk av behaldarar. Dette skjer gjennom ein eigen dialogprosess med kvart burettslag.