IHM IKS har ansvar for renovasjonen i Voss, Ulvik og Eidfjord. BIR og IHM har inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman til eit avfallskonsern frå nyttår. Samanslåinga ikkje vil ha noko praktisk betydning for kundane korkje for kundar hos IHM eller BIR.
Innsamlingsrutene vil gå som normalt og det vært ingen endring i tenestetilbodet med det første. Samanslåinga aukar moglegheitane for utvikling i regionen, både innan digitalisering og avfallsutnytting. Konsernsjef i BIR, Borghild Lekve, seier at samanslåinga medfører positive konsekvensar for både noverande IHM og BIR.
- Samarbeidet vil gje auka moglegheiter for utvikling og effektiv drift. Eit stort konsern har til dømes større moglegheiter til å gjennomføre innovative og miljøeffektive tiltak.
Med ein slik samanslåing vil mellom anna fleire avfallstypar kunne brukast lokalt. IHM og BIR samarbeidar blant anna no for å etablere eit biogassanlegg på Voss. Dette vert det fyrste biogassanlegget i Vestland for behandling av matavfall frå hushaldning og blir eit godt bidrag til den sirkulære økonomien.