No blir det innført henteordning ved bustadene for glas- og metallemballasje og matavfall for hushald som ikkje har dette frå før. 

Det blir samstundes innført henteordningar for papp- og papiravfall og plastemballasje for dei som manglar desse.

Henting av alle dei kjeldesorterte avfallstypane er inkludert i renovasjonsgebyret.

Utdelinga skjer område for område, og SMS blir sendt ut i puljar etter kvart som vi nærmar oss nye område.

Hald utkik etter spanna

Når du har fått melding frå oss om at vi er komne til ditt område, blir spanna vanlegvis leverte i løpet av dei tre neste vekene. Dei blir sette ut på eller nær det vanlege tømmestaden din.

Sjekk at adressa på etiketten stemmer, og trekk spannet inn på eigedomen så snart som mogleg.

Spann til matavfall

I dette spannet skal du kaste restar etter måltid og matlaging sortert i papirposar, som blir brukt saman med ei kjøkkenkorg du får utdelt oppi spannet.

  • Du kan ta spannet i bruk med ein gong.

  • Du får SMS dagen før første tømmedag, og deretter blir matavfallet henta annankvar veke.

For dei som komposterer heime: Dersom du allereie komposterer heile året, kan du melde frå at du ikkje treng matavfallsspann ved å sende inn dette skjemaet til oss. Meld frå så snart som mogleg.

Spannet kan i enkelte tilfelle bli sett ut sjølv om reservasjonen er sendt inn. Dersom det skjer, må spannet oppbevarast lett tilgjengeleg på eigedomen til vi får henta det inn igjen.

Spann til glas- og metallemballasje

I dette spannet skal du kaste tom emballasje av glas og metall, som til dømes syltetøyglas, hermetikkboksar, påleggstubar og aluminiumsformer. Lause, utan pose. 

  • Innsamlinga startar på ulike tidspunkt avhengig av adressa. Det vil gå meir enn ti veker før første tømming, men du kan ta i bruk spannet med ein gong og framleis bruke returpunkta ved behov.

  • Du får SMS dagen før første tømming, og deretter blir glas- og metallemballasje henta kvar tiande veke.

Plassutfordringar?

Har du lite uteplass, hugs at ikkje alle spann treng å stå samla eller vere like tilgjengelege heile tida. Glas- og metallemballasje og papiravfall luktar ikkje og blir gradvis fylte opp, og kan difor plasserast litt meir tilbaketrekt, til dømes bak huset eller i ein garasje.

Deling av spann
Fleire hushald i eit nabolag kan gå saman om å dele spann for éin eller fleire avfallstypar dersom naboar som bur nær kvarandre ønskjer det. Sidan BIR ikkje kan påleggje kundar å dele spann, og ordninga byggjer på samarbeid, må delinga organiserast av naboane sjølve. Éin kan ta initiativet, snakke med aktuelle naboar og melde inn ønskje om deling via dette skjemaet.

For sameier er det ein fordel om styreleiaren tek kontakt med kundesenteret dersom det er ønskjeleg med ei fellesløysing.

Sorteringsrettleiing

Du får sorteringsrettleiing saman med spanna, men du kan òg lese meir om korleis du sorterer riktig her.

Finn dine tømmedagar

Du kan sjå tømmedagane ved å bruke søket på framsida av bir.no, men vi anbefaler å laste ned BIR-appen i App Store eller Google Play og leggje inn bustaden din. Då får du tømmedagane automatisk når dei blir publiserte, og kan få varsel før tømming.

Når blir tømmedagane tilgjengelege?
For matavfall kan tømmedagane visast før spannet ditt er levert eller nokre dagar etter. For glas og metallemballasje blir tømmedatoane derimot tilgjengelege først ei god stund etter at du har motteke spannet.

Du får SMS dagen før første tømming for begge avfallstypar.

Kvifor skjer denne endringa no?

Den nye avfallsforskrifta § 10a-5  pålegg kommunane å sørgje for henteordningar ved bustaden. Tidlegare har matavfall vore frivillig og glas- og metallemballasje stort sett blitt levert til returpunkt. No blir henteordning standard for dei fleste hushald.

Spørsmål?

På denne sida har vi samla svar på det mange lurer på:

Her kan du lese spørsmål og svar