IHM AS har ansvar for renovasjonen i Voss, Ulvik og Eidfjord. BIR og IHM har no slått seg saman til eit avfallskonsern frå 1. juni 2023. Samanslåinga vil førebels ikkje ha noko praktisk betydning for kundane korkje for kundar hos IHM eller BIR.
Med sammenslåinga er det etablert et nytt selskap: BIR Voss Hardanger AS, dannet 01.06.23 som eit dotterselskap til BIR AS. Selskapet er ein vidareføring av IHM og samlar inn avfall frå omtrent 18 000 innbyggjarar i Eidfjord, Ulvik og Voss. Selskapet har i dag 35 tilsette.
Innsamlingsrutene vil gå som normalt og det vært ingen endring i tenestetilbodet med det første. Samanslåinga aukar moglegheitane for utvikling i regionen, både innan digitalisering og avfallsutnytting. Konsernsjef i BIR, Borghild Lekve, seier at samanslåinga medfører positive konsekvensar for både noverande IHM og BIR.
- Samarbeidet vil gje auka moglegheiter for utvikling og effektiv drift. Eit stort konsern har til dømes større moglegheiter til å gjennomføre innovative og miljøeffektive tiltak.
Med ein slik samanslåing vil mellom anna fleire avfallstypar kunne brukast lokalt. IHM og BIR samarbeidar blant anna no for å etablere eit biogassanlegg på Voss. Dette vert det fyrste biogassanlegget i Vestland for behandling av matavfall frå hushaldning og blir eit godt bidrag til den sirkulære økonomien.