BIR Voss Hardanger
Kva er det viktigaste selskapet oppnådde i 2025?
Det viktigaste var å førebu verksemda på digitalisering av innsamlingsruter. I løpet av året monterte og testa me køyreutstyr på renovasjonsbilane, noko som legg eit viktig teknologisk grunnlag for vidare utvikling. Arbeidet gjer oss godt rusta til å ta i bruk digitale rute- og innsamlingsløysingar frå 2026, med mål om meir effektiv drift, betre ressursutnytting og redusert miljøbelastning.

Kva gjorde selskapet i 2025 for å være ein miljøpådrivar?
Me tok fleire steg for å styrkje rolla som miljøpådrivar. Gjennom montering og testing av køyreutstyr på renovasjonsbilane har me lagt til rette for framtidig digitalisering av rutene. Dette vil bidra til meir effektiv køyring, redusert drivstoffbruk og lågare utslepp.
Me starta også ein minipilot for ombruk på gjenvinningsstasjonen på Bjørkemoen. Prosjektet legg til rette for ombruk av gjenstandar som elles ville vorte avfall, og ombrukstilbodet har vore godt besøkt og positivt mottatt av innbyggjarane. Tiltaket bidreg både til auka medvit om ombruk og til å forlenge levetida til brukbare gjenstandar, i tråd med måla om ein meir sirkulær økonomi.
![]() |
Daglig leder: Anita TraaAnita Traa vart konstituert som dagleg leiar frå 23. mai etter at Jon Grønsberg gjekk ut i permisjon. Ho har vore tilsett i selskapet sidan 2015 og har hatt fleire sentrale roller i verksemda. Før ho vart konstituert i stillinga som dagleg leiar, var ho leiar for kunde og kommunikasjon. Traa har lang erfaring frå reiselivsnæringa. Ho har mellom anna vore leiar for resepsjon og booking ved Park Hotel Vossevangen. Ho har erfaring frå offentleg sektor som saksbehandlar i Voss herad. Ho har si utdanning frå Vatles Handelsskule. |


Selskapet sitt føremål
BIR Voss Hardanger AS er ansvarleg for bygging og drift av innsamlingssystem, mottak og anlegg for gjenvinning i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande nasjonale og strategiske mål i avfallspolitikken. Selskapet skal vere ein seriøs aktør med tillit i marknaden. Forvaltningsoppgåvene skal ivaretakast på ein slik måte at kommunane får sine oppgåver løyst i samsvar med lov-verket, og slik at abonnentane opplever tilbodet som meiningsfylt. Selskapet vil arbeide for avfallsreduksjon og effektiv forvaltning.
Styret
Borghild Lekve, styreleiar
Steinar Kvarekvål, eksternt styremedlem
Karen Marie Aker Haarklau, eigarrepresentant
Arne Saue, tilsetterepresentant
Info
Heleid datterselskap av BIR AS
Stiftingår: 1994
Årsverk: 24,6
