BIR Voss Hardanger


Kva er det viktigaste selskapet oppnådde i 2023?

BIR Voss Hardanger vart stifta i 2023 etter ein verksemdsoverdraging frå Indre Hordaland Miljøverk IKS. Selskapet vart fusjonert med BIR i 2023 og er eit heileigd dotterselskap av BIR. I 2023 er det og gjennomført ein fusjon av næringsaktiviteten i BIR Voss Hardanger med BIR Bedrift AS.

I forbindelse med fusjonen med BIR, er det i 2023 sett i gang tilrettelegging og starta prosjekt knytt til merking av avfallsdunkar til abonnentar. Dette er for å kunne samle inn data, kunne planlegge betre og bidra til at BIR Voss Hardanger kan redusere sine utslepp med færre køyrde kilometer per tonn avfall henta inn.

 

Kva gjorde selskapet i 2023 for å vera ein miljøpådrivar?

BIR Voss Hardanger har hatt eit samarbeid med Voss Sparebank og Hardanger og Voss Næringshage om eit gjenbruksstipend som skal lyfta fram nyskapande idear knytt til gjenbruk hjå gründerar og verksemder. Tre ulike verksemder vart plukka ut som vinnarar. Ei rullande systove, ein hudpleieserie og eit forprosjekt knytt til matsvinn.

Selskapet har vore stor pådrivar for å etablere biogassproduksjon på Voss i samarbeid med lokalt landbruk.

BIR Voss Hardanger har vore synlege på ulike arrangement. På Landskyttarstemne 2023 har BIR Voss Hardanger stått for avfallsløysinga på arenaen og på dei ulike campane. Her har BIR hatt synleg reklame både for deltakarar og på tv.