BIR Voss Hardanger

        


Kva er det viktigaste selskapet oppnådde i 2024?

I løpet av 2024 vart alle avfallsdunkar for privathushald ferdig merka med elektronisk brikke og etikett med adresse i kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss. Arbeidet pågjekk frå januar til ut september. Det vart merka totalt 24 982 dunkar, som er 99,17 prosent av dunkar som er registrert i vårt fagsystem.

Merking av dunkar er riktig veg å gå, då avfallsselskapa har mange krav å etterleva – både nasjonale og EU-krav. Merkinga gjev oss eit felles system i BIR for registrering av tømming, og grunnlag for å utnytta rutene betre. Merkinga gjev oss meir oversikt over innsamla avfall, og slik kan me gje rett gebyr til rett abonnent.

 

Kva gjorde selskapet i 2024 for å være ein miljøpådrivar?

Merking av dunkar som vart gjort i 2024 er for å nå dei nasjonale krava og EU-krava som er retta til avfallsbransjen. I åra som kjem vil det bli strengare krav til sortering av avfall i heimane.

Med merkinga kan me påverke abonnentane til å bli betre på kjeldesortering når BIR Voss Hardanger kan tilby annan gebyrmodell enn den selskapet har i dag: Ein betalar for det ein kastar. Selskapet vil få oversikt over eksakt antal avfallsdunkar og plassering av desse og kan få gode data på betre ruteoptimalisering, som òg vil bidra til ein miljøgevinst.

 

 

      

Daglig leder: Jon Grønsberg

Jon Grønsberg har vore dagleg leiar i BIR Voss Hardanger sidan 2023. Han har tidlegare vore dagleg leiar i Indre Hordaland Miljøverk og har jobba i Felleskjøpet Agri som salssjef i Noreg. Han er utdanna Master of Science frå NMBU og har tilleggsutdanning med Master of Business Administration frå BI.

 

 

SELSKAPETS FORMÅL

BIR Voss Hardanger AS er ansvarleg for bygging og drift av innsamlingssystem, mottak og anlegg for gjenvinning i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande nasjonale og strategiske mål i avfallspolitikken. Selskapet skal vere ein seriøs aktør med tillit i marknaden. Forvaltningsoppgåvene skal ivaretakast på ein slik måte at kommunane får sine oppgåver løyst i samsvar med lovverket, og slik at brukarane opplever tilbodet som meiningsfylt. Selskapet vil arbeide for avfallsreduksjon og effektiv forvaltning.


STYRET

Borghild Lekve, styreleiar
Steinar Kvarekvål
Karen Marie Aker Haarklau
Arne Saue

 

INFO

Heileigd dotterselskap av BIR AS
Stiftelsesår: 1994
Årsverk: 34
Sjukefråvær: 12,92 prosent.
1,56 prosent var kortvarig.
11,36 prosent var langvarig.
(2023: 9,47 prosent)