No blir det enklare og meir effektivt å levera ting du vil bli kvitt til BIR. På den nye stasjonen i Kvam blir pris rekna ut frå vekta på det du leverer. 

Den nye stasjonen finn du i Gamle Dalavegen 110 med utsikt mot Steinsdalsfossen. Den har god plass og er oversiktleg. I tillegg er han eit prøveprosjekt for ein heilt ny måte å rekna leveringspris på. Ein app på mobilen rettleier deg gjennom heile besøket og betaling skjer enkelt med Vipps eller ved å registrera eit betalingskort i appen.

Appen gir deg tilgang til stasjonsområdet

Den nye besøksappen fungerer som ein nøkkel som opnar bommar slik at du kjem deg inn og ut av stasjonsområdet ­- betaling skjer direkte i appen. Den nye løysinga gir ein objektiv og nøyaktig utrekning av pris. Ho fører også til at vi får betre tid til kunderettleiing inne på stasjonen.

Hugs å laste ned appen før første besøk:

Trykk for å lasta ned appen "Gjenvinne" til Android

Trykk for å lasta ned appen "Gjenvinne" til iPhone

Last ned og følg rettleiinga for registrering. Dette treng du berre gjera første gongen du opnar appen.

Er du næringskunde?

Appen skal brukast av næringskundar òg. Leverar du avfall på vegner av ei bedrift, registrerer du bedrifta i appen. Næringskundar følgjer same mønster som andre, men må betala for fleire typar avfall og har eigne prisar.

Stasjonen er delt inn i to soner

I den første sona leverer du det avfallet vi ikkje tar betalt for. Det vil seia elektronikk, kvitevarer, papp og papir, plast-, glas- og metallemballasje, ombrukstekstilar og farleg avfall. Ei endring vi innfører med prøveprosjektet er at dei fleste ting til ombruk også er gratis å levere. Merk at lagringskapasitet og kvalitetskrav gjer at ombrukslevering ikkje alltid kan garanterast. Den avgjerda tek kunderettleiaren.

I den andre sona leverer du det avfallet vi tar betalt for, som restavfall, bildekk, trevirke, metallskrap o.l.

Merk: For næringskundar vil begge soner vera betalingspliktige.

Det du skal levera bør pakkast i rett rekkefølge

På grunn av inndelinga med to soner, må det som er gratis pakkast slik at det er enkelt å levera aller først. Når du kjem inn i betalsona er det ikkje mogleg å køyra tilbake til gratissona utan å køyra heilt ut av stasjonen.

Pris blir berekna ut frå vekt 

Når du er ferdig med besøket betaler du berre for den vekta du leverte i betaltsonen. Slik fungerer dette:

Pris ut frå vekt står i samsvar med det du tidlegare betalte for kubikk. Inntil 250 kg i betalsone kan for hushaldskundar bli leverte for 50 kr. Opp til 500 kg kostar det 100 kr. Her ser du heile pristabellen. 

Med appen betaler du enkelt med vipps eller ved å registrera eit betalingskort.

Slik besøker du den nye stasjonen steg for steg:

  1. Last ned appen og registrer deg.
  2. Ved 1. bom: Opne appen og trykk "vis QR-nøkkel". 
  3. Skann QR-nøkkel under lesaren ved bommen.
  4. Bommen opnar seg og du kan køyra inn i gratissona.
  5. Ved 2. bom: For å køyra vidare inn til betalsona, skannar du QR-nøkkel. 
  6. Bommen opnar og du kan levere avfallet ditt i betaltsonen.
  7. Ved 3. bom: Skann QR-nøkkel en siste gang. Følg instruksjonene for betaling og kjør ut.

Besøk utan smarttelefon?

Vi ønsker at alle som har moglegheit til å lasta ned appen, gjer dette for at systemet på den nye stasjonen skal fungere etter hensikta. Appen gir betre flyt og meir tid til kunderettleiing. Dersom nokon av ulike årsaker ikkje kan nytta besøksappen, vil vi vere behjelpeleg slik at alle får gjennomført besøk hos oss. Ta kontakt med kunderettleier på stasjonen dersom du ikkje kan bruke app.

Mykje er nytt på stasjonen, men opningstidene er inntil vidare dei same som før. Vel møtt!